top of page

Kvifor? Føremålslaus karriere og karriererettleiing

  • jamaphilipkorn
  • Nov 15, 2024
  • 10 min read

Har du høyrd setningar som «han visste allereie som barn kva han skulle verte» eller «eg har jobba målretta for å få akkurat denne jobben» eller «hennar CV er verkeleg rett fram»? Og alltid kan ein høyre at dei som seier slike setningar er stolte. Ein har gjort noko rett med å finne tideleg ut kva som er målet og alt ein har gjort sidan dette tidspunktet var fokusert på dette målet. I motsetning opplev eg ofte at vegsøkjarar som ikkje har eit slikt kall og ikkje jobba målretta – sidan dei vantar eit tydeleg mål – bruker mykje tid på å finne målet. Mange av dei er fortvila. Mange av dei kjenner på skam. Og mange av dei klarar ikkje å sjå meining i noverande liv sidan all tid går på å finne ut kva dei eigentleg skal gjere med livet sitt. Eg ynskjer å stille spørsmål med akkurat dette: Kvifor? Kvifor gjer me det? Kvifor fokuserer me i så stor grad på framtida og måla som – mogelegvis – ligg der?


Utgangspunktet for denne teksten er boka til Michael Hampe som er ein tysk filosof og presenterer ein filosofi av føremålsløyse[1]. For å ta opp det siste spørsmålet som eg stilte med ein gong: Kvifor fokuserer me i så stor grad framtida og fiktive mål? Her utviklar Hampe eit enkelt, men fengande konsept. Han knytt det nemleg mot oppmerksemd og at denne oppmerksemda har eit forhold til framtida gjennom opplæring. Ein skal lære noko meir og dermed verte og vere klokare i framtida enn ein er no. Læringa er ein prosess, resultatet av det kan dermed berre liggje i framtida. Og det fører til at framtida tek ein stor plass i liva våre. Då eg var eit barn har eg ofte høyrd at foreldrane jobbar for at me skal ha det betre ein gong. Det er ei lovnad, noko som knytt notida til framtida. Eg skulle gå på skule, skulle lære mykje for at eg kan ha eit godt liv i framtida. Hampe omskriv vårt forhold til tid med at det er minner som knytt oss til fortida, vurderingar som skjer i notida og at framtida vert definert av prosjekt – dvs. ting me planlegg. Og det er prosjekta og deira utfall – lykka eller mislykka – som set livet i ein vurderande tidssamanheng.


Om me lyftar blikket litt og ser på omverda, kan me nok sjå tidssamanhengar og vurderingar nesten overalt rundt oss. Samfunnet i seg sjølv er bygga opp på ein slik måte at eit mål ligg i dei fleste gjeremål. Særleg New Public Management har sett det å oppnå mål meir sentralt i det offentlege[2]. Finansiering av høgare utdanning er et godt eksempel for tematikken eg skriv om her. I mange år var det aukande press på universiteta å få studentane til å kome seg gjennom studiet og med forslag til ei ny finansiering[3], vert presset å få studentane gjennom i normert studietid endå sterkare. Det fører til at universiteta har ein motivasjon til å jobbe for å få studentane til å gjennomføre fortast mogeleg. Du studerer ikkje naudsynt for å vere student, kanskje ikkje ein gong for læringa si skyld, men du studerer for å verte ferdig. For å ha samla studiepoeng. For å ha ein grad å vise til. Men sjølve denne tilnærminga til å gjere noko for å oppnå noko, er mykje eldre enn New Public Management og utviklinga i dei siste tiåra. Om ein ser på religionane, særleg på kristendommen som har prega vårt samfunn mest, så skal ein føre eit moralsk og rett liv, ikkje for moralen si skyld, men for at ein skal kome til himmelen framfor å hamne i helvete. Ein er moralsk for å oppnå eit mål – og i dette tilfelle eit svært usikkert mål som ein ikkje kan oppnå før etter ein har døydd. Og Hampe går atter eit steg attende og finn utgangspunktet hjå Aristoteles og den teleologiske etikken, der telos (som tyder mål) står sentralt og har prega oksidental tenking sidan då.


Nyss, då eg sat i lunsjen på jobb, fortalte ein kollega om sonen sin, som fekk høyre frå læraren at han var ein underytar. Eit ord som fekk meg, kanskje litt overraskande for kollegaane mine, å reagere. Kva vil det tyde å vere ein underytar? Heilt klart, ville du ha lagt inn meir innsats, så ville du kunne oppnådd meir – i dette tilfelle betre karakterar. Men er det eit mål i seg sjølv? Yter ein ikkje nok om ein kunne – potensielt – fått betre karakterar? Sjølv om ein ikkje er interessert i det? Ikkje har noko behov for det? Er gode karakterar eit mål i seg sjølv og kva gjer det med vegen til dette målet? Kan ein tenkje seg at ein elev som får veldig gode karakterar og jobbar veldig hardt for å få det til (kanskje litt for hardt?) ville fått høyre at ho eller han er ein overytar? Kva om underytaren trivst med det å bruke meir tid på noko anna en skule? Om han eller ho ynskjer ein anna fordeling av tid og innsats, kanskje til fordel for fritidsaktivitetar? Er det eigentleg nokon som til dømes bryr seg om Erling Braut Haaland sine karakterar? Var han ein underytar i skulen? Eller prioriterte han kanskje rett då han valde fotballbanen? Kanskje det er lettare å akseptere om han fylgjer eit anna mål, nemleg å verte den beste fotballspelaren i verda? Samstundes seier Haaland i eit intervju at det er det viktigaste å ha det gøy og at ein kan eigentleg berre leggje opp om ein ikkje har det gøy[4].


Det handlar på ein viss måte om å gjere ting for tinget si skyld. Dermed meiner eg at ein tek ei utdanning for utdanninga sin del, ikkje berre for å oppnå ein grad eller få ein jobb i etterkant. Hovudsakeleg for to grunnar. For det fyste er det viktig å vere til stades og bruke tida ein har i noet fordi det gjev oss eit anna forhold til det me held på med. Tek du til dømes ei utdanning som du ikkje kan fordrage berre for å oppnå eit mål, til dømes ein jobb, gjer det noko (negativt) med forholdet til det du lærer. For det andre, er det slett ikkje sagt at ein kan oppnå målet. Det er så mange ulike faktorar – kjende og ukjende – som påverkar at det er slett umogeleg å vere trygg på at det er eit mål i slutten av vegen. Ein høyrar til dømes stadig vekk at ein berre må take ei IT-utdanning for å få seg ein jobb. NHO, utdanningsinstitusjonane, Nav og mange fleire viser til kompetansebehovet i denne bransjen. Samstundes har eg vegsøkjarar med ein reell kompetanse og ofte ein grad som likevel ikkje får seg jobb. For nokre er det slik at dei ikkje treivst med fagfeltet og berre har kara seg gjennom utdanninga for å få ein av dei lovde jobbane, men karakterane ber preg av denne mistrivselen. For andre kan det vere det som ein kynisk kallar for feil namn som står mellom vegsøkjaren og målet. Som om det namnet sin feil og ikkje latent og strukturell rasisme som bidreg til at kvalifikasjonar vert underkjend for irrelevante grunnar.


No kan ein med rett spørje, kvifor det er viktig? Om me fylgjer denne teleologiske etikken, så fylgjer det òg med ein tanke om at verdien til noko viser seg i å oppnå eit mål. Ein vurderer ut frå om eit mål vert oppnådd sidan sjølve det å oppnå målet gjev handlinga som fører til målet verdien sin. Om eg går tilbake til setningane som eg brukte i byrjinga av denne artikkelen, som til dømes at ein har jobba hardt for å få akkurat denne jobben, kva gjer det då med denne innsatsen om vedkomande ikkje får jobben? Var han då fånyttes? Alt det som har skjedd på vegen, er ikkje noko verdt lenger sidan målet ikkje vart oppnådd? Eg har hatt personar i rettleiingssamtaler som har ladd vere å sette ei utdanning på CV-en, sidan dei ikkje klarde å fullføre ho. Då var ho ikkje verdt tida vedkomande hadde brukt på ho. Tenkt for ein skrekkeleg tanke, at ein bruker så mykje livstid – og sikkert òg energi og von - på noko berre for å seie at det ikkje eksisterer lenger. Og dette berre fordi eit mål ikkje vart oppnådd. Samstundes fører dette til noko som eg vil kalle karriereplanlegging. Ein går strategisk fram for å oppnå eit mål som gjev mest mogeleg tryggleik. Utgangspunktet er kompetansebehovet, arbeidstidsmodellen, lønsutsiktar, osv. Men kor realistisk er det? Behova kan endre seg. Livssituasjonen kan òg vere annleis og dermed treng ein kanskje andre arbeidstider enn ein hadde tenkt. Kor mykje må ein tene for å kunne stå i ein jobb som ein ikkje trivst i? Og kva gjer det med innovasjonen? Kan me som samfunn satse på innovasjon, om ein ikkje har folk som vågar å satse på noko utrygt? Om ein ser på de store utviklingane, til dømes havvind eller batteriproduksjon, så veit vi ikkje heilt om det vert noko av dette. Men for å kunne starte, treng me folk som likevel har valt å satse på det. Og kva gjer me med desse folka om det skulle vise seg at det ikkje vart noko av havvindseventyret? Har me verkeleg råd til å seie takk for at du prøvde, men dette var fånyttes – tough luck…? Kanskje det er på tide å vere meir raus – med kvarandre og med oss sjølv. Kanskje det er på tide å gjere ting fordi me er interesserte i det og har lyst til det. Livet skjer uansett og sjølv om me har eit ynskje om å styre livet vårt og ha kontroll, så er det kanskje berre ein illusorisk kontroll som røvar frå oss høvet til å oppleve det me held på med. Ikkje minst om eg siterer ein filosof her som på lik linje med mange andre filosofar, som Habermas, Adorno, Apel, osv., bidreg positivt til samfunnet vårt, sjølv om å verte filosof kanskje ikkje er noko ein ville tilrådd ein vegsøkjar. Det finst høve der ute, mange fleire enn me veit om.


Det er likevel viktig å skilje mellom to ting, nemleg føremålsløyse og målløyse. Dette skal ikkje handle om å ikkje ha mål, tvert imot. Det som eg vil ut på, er at ein ikkje gjer noko berre for å oppnå eit mål. Som ein kollega sa til meg, det handlar om eit balansespel. Likevekt mellom kor viktig målet er og kva tyding vegen til dette målet har. Slik eg tenkjer, er ein ikkje berre for å verte til. Ein er for å vere. Og om målet tek noko mindre plass, er det meir plass for å vere raus. Då kan ein vere litt meir mens ein jobbar mot eit mål. Eit mål som berre er ein del av livet og ikkje heile livet. Og så er det kanskje òg viktig og interessant for oss rettleiarar å bruke ein slik tilnærming i sjølve rettleiinga. Det å møte ein vegsøkjar utan at ein naudsynt har eit mål med rettleiinga. Det å berre la det skje, kan vere ein verdi i seg sjølv. Fordi om me ikkje fylgjer vegen mot eit mål, så kan me kanskje – for å snakke litt i overført tyding – oppdage landskapet litt meir og ser, høyre og kjenne på ting som me elles ikkje ville ha gjort.


[1] (Hampe, 2024)

[2] (Christensen, Lægreid, & Stigen, 2004)

[3] (Khrono, 2023)

[4] (Nettavisen, 2018)



Implikasjonar for praksis

Det verkar kanskje merkeleg – om ikkje ironisk – å skrive korleis ein skal bruke ein teori om formålsløyse. Likevel vil eg prøve å gjeve nokre peikepinnar på korleis dette kan vere nyttig både i rettleiing og i ein karrierevalsituasjon. Fyst skal eg gjeve ein liten samandrag av innhaldet i teksten.


  • Kva slags forhold har me til mål og kva rolle spelar måla når det gjeld å møte framtida?

  • Michael Hampe si teori om formålsløyse lyfter perspektivet at me i vesten er opptekne av formål og knytt det opp til aristotelisk tankemåte. Han går inn på at me knytt oss til ei førestilling av tid gjennom det å ha prosjekter og jobbar for å få dei gjennomførte. Dermed har me eit vurderande forhold til det.

  • Det å vere oppteken av eit spesielt formål – til dømes å gjennomføre ei utdanning – er noko som ein òg kan finne i systema rundt oss – til dømes i finansieringa av høgare utdanning. Det kan noko gongar føre til at fokuset ligg på feil mål.

  • Spørsmålet eg still i teksten er om ein kan prøve å finne eit betre forhold mellom prosess (høvesvis hans verdi) og målet (høvesvis det sin verdi)? Dessutan ynskjer eg å lyfte tanken om at det kan vere ein verdi i seg sjølv å gå i ei rettleiingssamale utan å fylgje eit formål og berre la samtala utfolde seg sjølv.


Kva skal ein rettleiar no bruke dette til i rettleiing? Og kva skal ein vegsøkjar gjere for at dette skal gjeve meining? Det er ulike måtar å bruke dette på og sikkert fleire enn det som eg skal liste opp her, men nokre tankar om korleis dette kan vere nyttig å ha i bakhovudet:


  1. Som rettleiar må ein vere medviten på kva som er målet og kva som er formålet med å møte en vegsøkjar. Det kan vere vanskeleg å skilje mellom dette, men eit døme kan vere ein vegsøkjar som ynskjer å vite meir om korleis å få eit spesielt fagbrev. Målet som vegsøkjaren har sett for denne rettleiinga er å få informasjon om fagbrevet. For vegsøkjaren kan dermed målet og formålet vere same. For rettleiaren burde målet ikkje vere formålet. Det er viktig å vere open for kva vegsøkjaren har med seg og kva vendingar rettleiinga kan få. Sjølv om vegsøkjaren ynskjer å vite meir om fagbrevet, kan det vere at dette ikkje er kjernen i problemet til vegsøkjaren. Om me som rettleiaren sett det definerte målet som einaste formål i rettleiinga, kan ein kanskje gå glipp av viktige teikn på at det er noko anna som rettleiinga burde handle om. Å ha ein rettleiing som ikkje har sett eit formål, kan opne sinnet vårt til eit større bilete.

  2. For vegsøkjaren kan målet ofte vere lik formålet i sin karrierereise. Ein kan til dømes oppleve at ein vegsøkjar studerer berre for å oppnå ein grad. Målet er viktig og kan gjeve retning og meining. Men om målet vert til einaste formål, kan det fort vere slitsamt og gjeve målet for mykje plass. Det handlar om å bidrage til at vegsøkjaren kan oppdage augeblinken og tydinga av sjølve vegen til målet. Her kan ein teikne ei vekt og leggje på kvar si side kva som er positivt/negativt med målet og kva med vegen dit.

  3. Det kan òg vere relevant å bruke tid i rettleiing til å finne ut kva måla i livet kjem ifrå – er det eigne ynske eller kanskje foreldre som står bak det – og korleis dei påverkar kva formål ein har (både med livet generelt og dei aktuelle planane).

Comments


bottom of page